Meny
De kan velje mellom to menyar. Selskap må bestillast seinast 48 timar før arrangementet. Me tek ikkje imot selskap på sundagar og i heile juli. Variantar tilpassa allergiar/intoleransar eller vegetariske alternativ må bestillast på førehand. Maten er inspirert av den sørtyske kjøkenet, men me prøver å bruka kun norske råvarer dersom mogeleg. Derfor kan tilbudet […]
Selskap
Me har den store gleda å kunne opne gamlastova vår til middagsservering for mindre selskap. Me tek imot grupper på 6-10 personar. Maten er inspirert av den sørtyske kjøkenet, men me prøver å bruka kun norske råvarer dersom mogeleg. Derfor kan tilbodet variera litt gjennom året, spesielt salat eller grønsaker.
Gjestehus
Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøbelar frå Bjotveit.
På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut. Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova.
Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken. Kjøkent er stengt for gjestene våre under frukosten, då me bruker dette til å førebu maten. Men elles kan du bruka kjøkenet til å lage lunsj eller middag.
Det er ein stor hage rundt huset som du kan bruke til å grille eller nyte utsikta.
Fjordutsikt 3 – to enkeltsenger
Soverom med to enkeltsenger og fantastisk fjordutsikt.
Frukostrom og selskapslokale
I gamlastova kan du nyte frukosten. På frukostbordet får du smake på våre eigne produkt og produkt frå nærområdet. Kvar morgon får du servert nysteikte, heimelaga rundstykke.
Rommet er innreia med møblar frå Brødrene Bjotveit kunstmøbelfabrikk. På veggene finn ein maleri av Kari Vivelid, ein lokal kunstnar som budde på ein fjellgard på Hardangervidda.
Bestastova og kjøken
Alle rom deler opphaldsrommet, bestastova, med TV, og kjøkenet. Kjøkenet er stengt for gjestene våre under frukosten, då me bruker det til å førebu maten. Men elles kan du bruka kjøkenet til å lage middag eller lunsj.
Aktivitetar
Indre Bjotveit Gard er det perfekte utgangspunktet for å oppleve vakre Hardanger.