Vår lite gjestehus tilbyr dere gårdsferie i første klasse. Vi har fire koselige dobbeltrom. Overnatting med frokost. På frokostbordet serverer vi kortreist lokalmat. Det er produkt fra eigen gård. Produkta våre som moreller, syltetøy, saft og honning kan du kjøpe i vår gårdsbutikk. Det er ikke langt unna Mikkelparken, Trolltunga og Dronningstien.
Opplev bløming i Hardanger. På gården vår tilbyr vi historisk overnatting med frukost i fire unike gjesterom. Det er ikke langt til Trolltunga og Dronningstien.
Opplev bløming i Hardanger. På gården vår tilbyr vi historisk overnatting med frukost i fire unike gjesterom. Det er ikke langt til Trolltunga og Dronningstien.

Fjordutsikt 1 - dobbeltseng - kr. 1000 for ei natt (kr. 850 per natt for to eller fleire netter)

Vårt soverom Fjordutsikt 1 er med sine 14 m2 det største av romma våre – vår «Honeymoon-suite». Det er ei dobbeltseng på rommet. Rommet ligg i 2. etasje (ingen heis) av huset. Baderommet er tvers over gangen, og er felles med eit naborom.


Møblane er i gammal stil og er laga av Brødrene Bjotveit AS. Sofaen er frå rundt 1950. Med sine kongelege utskjeringar inviterer sofaen til romantiske kveldsstunder. Prikken over i’en er vedomn for å varme opp kjølige vår- eller haustkveldar – litt som om ein tek nokre dagar på hytta.


Ver merksam på at gamle senger er kortare enn nye senger. Dobbelsenga i dette soverommet er 1,87 m lang. Gamle hus er heller ikkje så godt isolerte, difor kan det hende at ein høyrer lydar frå naborommet. Me ber dykk difor om å ta omsyn til dei andre gjestene i huset, spesielt om kvelden/natta.

Utsikta frå rommet er fabelaktig – fjord og fjell så lenge auge strekkjer seg. Ein kan sjå kvar Hardangerfjorden møter Sørfjorden og Eidfjorden. Fjellet som ein ser rett på kallast Oksen – ein fantastisk dagstur som tilbyr ei eineståande utsikt som belønning. Det er også eit supert alternativ til Trolltunga, når ein vil oppleve norske fjell og utsikt mot fjorden. Dessutan ser ein den imponerande Hardangerbrua. Og det er ein veldig fin kveldstur. For fleire aktivitetsføreslag i området, sjå her. Frå vindauget ser ein òg over morelltrea våre – spesielt vakkert i bløminga. Til frukosten freistar me (i sesongen) med nyplukka morellar, plommer og bringebær.

Det er god plass til ei ekstra seng (babyreiseseng – 100,- per natt, ekstra seng barn/vaksen – kr. 200,- pr. natt).
Inkludert i prisen er sengetøy, handkle, morgonkåpe, tøflar og Wi-Fi.

Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstaden «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøblane frå Bjotveit.
På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut.

Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken.
Det er ein stor hage rundt huset som du kan bruke til å grille eller nyte utsikta.

Alle soverom ligg i 2. etasjen. Huset er diverre IKKJE tilrettelagt for rullestolbrukarar. Det er IKKJE tilatt med dyr.