Vår lite gjestehus tilbyr dere gårdsferie i første klasse. Vi har fire koselige dobbeltrom. Overnatting med frokost. På frokostbordet serverer vi kortreist lokalmat. Det er produkt fra eigen gård. Produkta våre som moreller, syltetøy, saft og honning kan du kjøpe i vår gårdsbutikk. Det er ikke langt unna Mikkelparken, Trolltunga og Dronningstien.
Opplev bløming i Hardanger. På gården vår tilbyr vi historisk overnatting med frukost i fire unike gjesterom. Det er ikke langt til Trolltunga og Dronningstien.
Opplev bløming i Hardanger. På gården vår tilbyr vi historisk overnatting med frukost i fire unike gjesterom. Det er ikke langt til Trolltunga og Dronningstien.

FRUKT OG HISTORISK OVERNATTING

Indre Bjotveit Gard er ein liten fruktgard i Hardanger, omgjeven av frukttre, fjell og fjord. Me, Endre og Manuela Bjotveit, har drive garden i lag sidan 2010. Endre overtok garden i 2005. Garden har vore i familien i fleire generasjonar. Me bur i lag med sønene våre, Hans Gunnar (*2012) og Anders Elias (*2014).
Foreldra til Endre, Tone og Gunnar Bjotveit, bur i kårhuset og hjelper til der dei kan.


Me driv rett over 20 da med frukt. Me har moreller, plommer, eple og pærer. Rundt omkring på garden finst det òg bringebær, stikkelsbær, rips og solbær. Det meste av frukta leverer me til fruktlageret på Lofthus. Men ein god del frukt blir og selt i den vesle salsbua vår nede ved vegen.
Me produserar òg syltetøy, saft og andre godsaker av vår eigne frukt og bær.


Biene våre produserer nydeleg honning kvart år. Om våren står dei heime på garden og hjelper til med pollinering i frukttrea. Om sommar står dei på Askøy og haustar lynghonning.


Ein liten flokk med sauer, norske spælsau, held liv i fjøset vårt om vinteren. Om våren og hausten beiter dei rundt omkring på garden. Om sommaren ser ein ikkje så mykje til dei, då nyt dei fridomen og er på fjellbeite.


I vårt vesle gjestehus kan du oppleve garden vår på nært hald. Du kjem tett på historia til garden og Brødrene Bjotveit kunstmøbelfabrikk, som var på Bjotveit frå ca. 1930-1977, når du leiger eit gjesterom hjå oss. Tek du deg ein tur rundt på garden, kan du smake Hardanger. Smaken av Hardanger og Vestlandet møter du òg på frukostbordet.


Indre Bjotveit Gard ligg midt i finaste Hardanger –Noregs frukthage.
Me har rikeleg med turmoglegheiter. Det er t.d. ikkje langt til Dronningstien, Husedalen og Trolltunga.