Vår lite gjestehus tilbyr dere gårdsferie i første klasse. Vi har fire koselige dobbeltrom. Overnatting med frokost. På frokostbordet serverer vi kortreist lokalmat. Det er produkt fra eigen gård. Produkta våre som moreller, syltetøy, saft og honning kan du kjøpe i vår gårdsbutikk. Det er ikke langt unna Mikkelparken, Trolltunga og Dronningstien.
Opplev bløming i Hardanger. På gården vår tilbyr vi historisk overnatting med frukost i fire unike gjesterom. Det er ikke langt til Trolltunga og Dronningstien.
Opplev bløming i Hardanger. På gården vår tilbyr vi historisk overnatting med frukost i fire unike gjesterom. Det er ikke langt til Trolltunga og Dronningstien.

Fjordutsikt 3 – to enkeltsenger – kr. 920,-

Bestill no.

Vårt soverom Fjordutsikt 3 er eit koseleg lite soverom (8,7 m2) med to enkeltsenger.
Rommet ligg i 2. etasje (ingen heis) av huset. Baderommet er i kjellaren, og er felles med eit naborom. Ver merksam på at det er to trapper ned til kjellaren, kjellartrappa kan oppfattast som bratt.
Sjølv om rommet ikkje er stort, er det tilstrekkeleg med plass til å slappe av. Bruk gjerne stova, kjøkenet eller den store hagen rundt huset.


Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova. Frukosten vår er «rett og slett et høydepunkt i ferien» (utdrag av gjesteboka).

Møblane er i gammal stil. Sengene er nokså gamle. Dei vart laga for mange år sidan til den noverande kårkallen på garden og systera hans. Dei stod opprinneleg i hovudhuset på garden. Spegelen er laga i ca. 1960 av ein elev av Lars Kinsarvik. Han var ein lokal kunstnar i Kinsarvik. Lenestolen er produsert av møbelverkstaden Brødrene Bjotveit AS.



Ver merksam på at gamle senger er kortare enn nye senger. Sengene i dette soverommet er 1,88 m og 1,85 m lange. Gamle hus er heller ikkje så godt isolerte, difor kan det hende at ein høyrer lydar frå naborommet. Me ber dykk difor om å ta omsyn til dei andre gjestene i huset, spesielt om kvelden/natta.

Utsikta frå rommet er fabelaktig – fjord og fjell så lenge auge strekkjer seg. Ein kan sjå kvar Hardangerfjorden møter Sørfjorden og Eidfjorden. Fjellet som ein ser rett på kallast Oksen – ein fantastisk dagstur som byr på ei eineståande utsikt som belønning. Det er også eit supert alternativ til Trolltunga, når ein vil oppleve norske fjell og utsikt over fjorden. Dessutan ser ein den imponerande Hardangerbrua. Og det er ein veldig fin kveldstur. For fleire aktivitetsføreslag i området, sjå her.

¨

Inkludert i prisen er frukost, sengetøy, handkle, morgonkåpe, tøflar og Wi-Fi.
Me ber om forståing for at det diverre ikkje er plass til ei ekstra seng i det rommet.

Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøblane frå Bjotveit.
På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut. Om morgonen blir du vekka av lukta av nysteikte rundstykke til frukost. Eit innhaldsrikt frukostbord med eigne og andre kortreiste produkt ventar på deg i gamlestova.
Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken. Kjøkenet er stengt for gjestene våre under frukosten, då me bruker dette til å førebu maten. Men elles kan du bruka kjøkenet til å lage lunsj eller middag.
Det er ein stor hage rundt huset som du kan bruke til å grille eller nyte utsikta.

Alle soverom ligg i 2. etasjen. Huset er diverre IKKJE tilrettelagt for rullestolbrukarar.