Selskap
Indre Bjotveit Gard er ein liten fruktgard i Hardanger, omgjeven av frukttre, fjell og fjord. Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstaden «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøblane frå Bjotveit.
Me har den store gleda å kunne opne gamlastova vår til middagsservering for mindre selskap. Me tek imot grupper på 6-10 personar. Maten* er inspirert av den sørtyske kjøkenet, men me prøver å bruka kun norske råvarer dersom mogeleg. Derfor kan tilbodet variera litt gjennom året, spesielt salat eller grønsaker.
Kr. 410,- per person for 3 rettars-middag (min. 6 og max. 10 personer)
Bestill per e-post post@indrebjotveitgard.no eller per telefon 40 21 66 11. Eller fyll ut kontaktskjemaet.
Bestill gjerne middag med overnatting, min. 6 personer og maks. 8 personer.
Pakkepris er kr. 830,- per person i dobbeltrom inkl. ei overnatting, 3-rettars-middag og frukost.
Huset er diverre IKKJE tilrettelagt for rullestolbrukarar.
*De kan velje mellom to menyar. Selskap må bestillast seinast 48 timar før arrangementet. Me tek ikkje imot selskap på sundagar og i heile juli. Variantar tilpassa allergiar/intoleransar eller vegetariske alternativ må bestillast på førehand.