Gjestehus
Vår gjestehus er diverre STENGT i 2024.
Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøblar frå Bjotveit.
På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut.
Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken. Du kan bruka kjøkenet til å lage frukost, lunsj eller middag.
Det er ein stor hage rundt huset som du kan bruke til å grille eller nyte utsikta.
Alle soverom ligg i 2. etasjen. Huset er diverre IKKJE tilrettelagt for rullestolbrukarar.