Bestastova og kjøken
Alle rom deler opphaldsrommet, bestastova, med TV, og kjøkenet. Kjøkenet er stengt for gjestene våre under frukosten, då me bruker det til å førebu maten. Men elles kan du bruka kjøkenet til å lage middag eller lunsj. Kjøkenet er fullt utstyrt og har oppvaskmaskin. Kvart rom har sitt rom i kjøleskapet og skap for å oppbevare matvarer.
Bestastova er todelt slik at fleire grupper kan bruka rommet samstundes. Møblane er laga i kunstmøbelverkstaden «Brødrene Bjotveit A/S» som held til på Bjotveit Indre. Sofaen i inste kroken var første sofaen som vart laga i verkstaden. Då den var ferdig fann møbelsnekkaren Johannes Bjotveit ut at den diverre ikkje var særleg behageleg å sitja på. Han hadde laga ein 90° vinkel på rygglenet. Difor bestemte han seg for å behalde sofaen sjølv.
På kjøkenskapa finn du òg fleire måleri av Kari Vivelid. Kari Vivelid (1899-1979) var ein kjend biletkunstnar som budde på fjellgarden Vivelid på Hardangervidda. Ein vinter budde ho på Indre Bjotveit Gard. Som takk for vertskapet etterlet ho desse fine måleria.
Etter avtale er det mogeleg for gjestene våre å bruke vaskemaskin og tørketrommel dersom me ikkje har bruk for dei.