INDRE BJOTVEIT GARD
Frukt, eplesaft, honning, syltetøy og ullgarn
Velkommen til Indre Bjotveit Gard – ein liten fruktgard midt i finaste Hardanger. I sesongen sel me frukt i ein salsbu langs vegen. Her kan du kjøpe moreller eller plommer. I vår koseleg gardsbutikk kan du kjøpe honning og syltetøy frå eigen produksjon. Me har òg garn frå våre spælsau.
Garden vår ligg mellom Eidfjord (18 km) og Kinsarvik (12 km), rett ved sidan av Hardangerbrua.
Vårt gjestehus er diverre STENGT i 2024.
Vårt gjestehus er eit hus med sjel og sitt heilt eige historiske særpreg. Huset vart utbygd av Johannes Bjotveit som i lag med broren Gunnar G. Bjotveit eigde og dreiv kunstmøbelverkstaden «Brødrene Bjotveit A/S». Gjestehuset vårt er møblert med møblar frå verkstaden, og me vil såleis skape eit levande museum og minne om kunstmøblane frå Bjotveit.
På Indre Bjotveit Gard, omgjeven av frukttre og eit vakkert landskap kan du slappe av og kvila ut.
Me har fire koselege gjesterom. To rom deler eitt bad. Alle rom deler opphaldsrommet, bestastovo, med TV, og kjøken.
Følgjer du den nasjonale turistvegen Hardanger er me perfekt plassert for å ta ein stopp.
DESTINASJON RINGØY
Ringøy grenda består av bygdene Bjotveit, Ringøy, Ulsnes, Tveisme og litt fleire plasser 😉 Alle er perler langs Eidfjorden og verd ein stopp.
Her finn du fleire salsbuar med frukt og saft. Men òg to veldig fine campingsplasser og unike hytter til overnatting. Meir informasjon finn du her.
Nytt frå garden
Kontaktinformasjon
INDRE BJOTVEIT GARD
Endre og Manuela Bjotveit
Bjotveit Indre, Kinsarvikvegen 1195, 5780 Kinsarvik – Hardanger
Tlf: (+47) 53 66 18 30
Mobil: (+47) 40 21 66 11
E-post: post@indrebjotveitgard.no