Gamlastova - frukostrom og selskapslokale
I gamlastova kan du nyte frukosten. På frukostbordet får du smake på våre eigne produkt og produkt frå nærområdet. Kvar morgon får du servert nysteikte, heimelaga rundstykke.
Rommet er innreia med møblar frå kunstmøbelverkstad «Brødrene Bjotveit A/S». På veggene finn ein maleri av Kari Vivelid, ein lokal kunstnar som budde på ein fjellgard på Hardangervidda.
Frå mai 2016 kan du halde selskap i den nydelege gamlastova vår. Me kan ta imot 6-10 personar og servere sør-tysk tradisjonsmat med norske råvarer.